Søkeside Digitalarkivet

Logo Bygdebøkene for Lesja og Dovre

Beskrivelse

Dataregistreringa av kyrkjebøkene for Lesja, Dovre og Folldal var eit prosjekt som starta i siste halvdel av 1980-åra, i regi av bygdebokprosjektet på Lesja (ved Arnfinn Kjelland), Dovre Data Arkiv/Norddalsarkivet (ved Ola Tovmo) og friviljuge frå historielaga i Lesja og Dovre. Det var mange som arbeidde med registrering og korrekturlesing i mange år, så det er vanskeleg å gje nøyaktig proveniens for dei enkelte filene, men bakgrunnen for at arbeidet kom i gang var altså pågåande og planlagt bygdebokarbeid i begge kommunane.

Alle filene er nok opphavleg registrert i programmet BD87 etter det som var kalla Standard 4G, overført til excel-format kring 2000 og korrekturlese der. Kolonnar som ikkje hadde innhald er fjerna.

Bidrag